Lamaer til salgs i norge, fra Skjolden Llamas

Lamaer Til Salgs 2020

Alle lamaer vi tilbyr for salg er trena og av god kvalitet. Alle unge dyr er vant med å gå i grime. Mange av årsdyra og eldre lamaer har blitt brukt på turar, og har erfaring med å bere last. Dersom ein llama er vanskeleg å ha med å gjere, eller har fysiske skavanskar, vil den ikkje bli seld. Vi vil forsøke å finne den lamaen som passe best til dine ønsker, samt tilbringe tid saman med nye eigarar slik at dei blir vant med og kan ta vare på lamaer på ein god måte. Vi kan alltid kontaktast for vidare råd og informasjon.

Dersom lamaer vert behandla rett frå ung alder av, er dei vanlegvis lette å trene, og ein fornøyelse å arbeide med. Om du kjøper hos oss eller andre, ta dette med til ettertanke: No for tida er det flere lamaer til salgs (ofte for ein billig pris), men som er utrena eller har lite øving. Sjølv om desse kan bli gode dyr, er det ingen garanti for det, og trening kan bli vanskaleg dersom ein begynner for seint. Ein lama kan leve i 25 år, derfor er det tryggast å vite kva ein kjøper.

Ver oppmerksom på at lamaer er flokkdyr – dei trivst ikkje åleine. Derfor sel vi ikkje lamaer ein for ein, med mindre dei kan vere i lag med andre lamaer eller husdyr.

DESVERRE, ME HAR REDUSERT LAMAFLOKKEN TIL CA. 20 DYR OG VANLIGVIS HAR IKKJE DYR TIL SALGS.