Skjolden Llamas

Playing with the Llamas

Kvifor ha Lamaer?

Etter vår meining er potensialet til desse intelligente og fleirbrukelege dyra undervurdert. Dei har mange bruksområde som er relevante til bl.a. landskap ein finn i vest-Norge.

Dei er ikkje ekte drøvtyggarar, og har nærare slektskap med kamelar enn vanlege husdyr. Dei trivst med dårleg graskvalitet, og et ulik vegetasjon inkludert kratt, busker og nesler. Dei er såleis i stand til å holde kulturlandskapet i hevd. Dei har stor respekt for gjerder, og krev minimale investeringar til stall. (Eit enkelt tresida bygg med tak er ok)

Dei kan trenast opp til husdyrgjætarar, og blir i nokre land brukte til å beskytte bl.a. sauer og geiter frå rovdyr.

Dei er også utmerka kløvdyr i vanskeleg terreng, og kan bere ei vekt på ca. 45 kg. Foten består av ei mjuk pute m/tånegler, og gjer derfor liten skade på stiar i landskapet. I USA blir lamaer tillatt brukt der andre kløvdyr er forbudt.

Dei produserer fin ull. Straks dekkhåra er tatt bort er resten av pelsen av høg kvalitet og inneheld ikkje lanolin. Ulla er såleis nyttig for dei som er allergiske mot anna naturull. Ein er også i ferd med å avle fram lamaer for å produsere ull av enda høgre kvalitet, samtidig som desse ikkje har dekkhår.

Lamakjøt er godt og magert og inneheld berre 3 % feitt. Smaken er som ein mellomting av hjort og okse. Kjøtproduksjon kan bli eit framtidig satsingsområde innan landbruk.

Det er billeg å drive med Lama. Vinterforing av eit vakse dyr kostar ca. 500 kr. 2 rundballar silofor dekkar omlag matbehovet/vinter. Dyra har vanlegvis lite problem med helsa. Dei er lette å trena, og det er ein fornøyelse å eige og arbeide med desse dyra.